Kanskje reklamere litt !
Den vakre og storfelte naturen i Indre Nordfjord har gjort Stryn til ein av dei store turistkommunane i Noreg. Briksdalsbreen i Olden er eit av dei mest besøkte turistmåla i landet. Lodalen, som vert rekna som ein av dei vakraste stadane i Norge, er også ein stor naturattraksjon.
Stryn kommune ligg inst i Nordfjord der fjella stig mot breen. Her bur 7000 innbyggarar, derav omlag 3000 i Stryn sentrum. Stryn kommune dekkjer eit område på heile 1.382 km2, og er innfallsporten til Jostedalsbreen Nasjonalpark. I 2008 fekk Stryn status som nasjonalparkkommune.
Primærnæringane, småindustri og turisme er dei viktigaste levevegane i Stryn kommune. Merkenamn som Olden Brevatn, Ricco Vero, Moods of Norway, Aloha Hemp og Skogstad Sport har alle rotfeste i Stryn.
Stryn består av fleire bygdelag. Heilt i fjordenden ligg Loen og Olden med sine dalar som fører inn til Jostedalsbreen, og reiser du vidare utover fjorden på sørsida kjem du til Innvik og Utvik. Rett over fjorden ligg Nordsida og Markane.
Aktivitetstilboda er mange og dei mest spennande er knytt til breen, med sommarskisenter og brevandring. Sidan 1860 talet har det vore turistar i bygdene og ein har lange tradisjonar for å ta vare på gjestene som kjem på besøk. Lindeblada i kommunevåpenet kjem av at den største lindeskogen i Europa som ligg i Flostranda i Stryn. Vi kan og skilte med å ha ein Nasjonal Turistveg i kommunen vår, Gamle Strynefjellsvegen (rv 258). Den nærare 110 år gamle vegen slynger seg over fjellet mellom Stryn og Skjåk, og var lenge det einaste sambandet mellom aust og vest, på denne vegen får ein fortsatt følelsen av å køyre på gamal ferdaveg.
Olden er kjend som ei populær cruisehamn, og kvar sommar kjem store cruisebåtar inn fjorden.
http://www.nordfjord.no/no/OM-REGIONEN/Kommunar/?TLp=378671&Stryn-kommune
SHOPPING
Made in Nordfjord
Handelstilboda i Nordfjord er rike og varierte. Av klede som framleis er merka "Made in Norway", kunne ein stor del vore merka "Made in Nordfjord". Motekleda frå Moods of Norway og Ricco Vero, dei klassiske herredressane frå Frislid Konfeksjon, skjortene frå Skjortefabrikken Selje og fritidsklea frå Skogstad Sport, er alle døme på kjende produkt som har hovudsete i Nordfjord.
Fabrikkutsalg
Gjer gode kupp på fabrikkutsala til dei kjende merkene frå Nordfjord.
Ricco Vero Stryn
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar